Berit Stavseng

Fra Kunsthistorie
Hopp til: navigasjon, søk
Berit Stavseng: Motlys
Foto: Sturla Stavseng

Berit Stavseng fødd 18.08 1926 død 2008, var ein norsk målar og grafikar.


Utdanning

  • 1946 Handelsgymnas
  • Eit semester i billedvev Statens Kvinnelige Industriskole
  • 1975-79 Grunnopplæring ved Ålesund Kunstskole
  • 1982 Eit semester Aegean School of Fine Arts, Paros, Hellas
  • 1983 Eit semester Atelier Nord, Oslo
  • 1983 Eit semester Kunsthistorie, Universitetet Oslo
  • Kurs i inn og utland

Liv og arbeid

Berit Stavseng: Uten tittel
Foto: Sturla Stavseng

Berit Stavseng var fødd Lothe, vaks opp i Mandal og i Ålesund. I 1949 vart ho gift med Sigmund som dreiv trevare/husfirma på Sjøholt og ho busette seg der. Medan Stavseng var heimverande husmor med små born, hadde ho også arbeidarane i mannen si bedrift i kosten. I denne perioden tok ho utdanning som teknisk teiknar via brevskule. Det er mange hus i distriktet som har signaturen BS. Etter at borna flytta ut, tok Stavseng til på utdanninga innan kunstfaget.

Kjellaren i heimen vart laga om til grafikkverkstad. Der hadde ho 2 presse, ei gamal ”skomakarpresse” og ei ”Arnapresse”. Innan grafikk var det etsing ho benytta mest. Med og utan fargetrykk, eller håndkolorering. Linotrykk, serigrafi og Hayters metoden benytta ho også.

Ho har måla bilete i akvarell og akryl. Svært mange av desse er innkjøpt til supply-fartøy ved Farstad Shipping.


Stavseng sitt kunstuttrykk

Berit Stavseng: Skarvene på Runde
Foto: Sturla Stavseng

Bilda hennar er figurative og sjølv uttrykte kunstaren at det var det som var naturleg for henne. Ho hadde eit ønske om å kunne uttrykke seg meir abstrakt, men fann altså det vanskeleg. Mennesket og natur, - det var dette som var inspirasjonskjeldene. Ho brukte kamera flittig og måla etter bilete. Bileta er svært detaljerte.

Separatutstilling

1984 Galleri 83 i Ålesund


Fellesutstillingar

Ho har vore med på mange kollektivutstillingar, men har kun nevnt desse tre i sin CV.

1982 Høstutstillingen 1983 Vestlandsutstillingen 1999 Vestlandsutstillingen

Biletgalleri

Kjelde

Berit Stavseng sine eigne notat og familien hennar.