Bruker:Anne Berit Amdam/kladdeside

Fra Kunsthistorie
Hopp til: navigasjon, søk

Har tidligare skreve om Gunnvor L. Amdam og Berit Stavseng og lagt ut med bilder.

Her finn du artikler om Sidsel Colbiørnsen, Solfrid Olette Mortensen, Gjertrud Hals, Marit Akslen og Jørund Amdam. Alle kunstnarane eg har skreve om har tilknytning til Møre og Romsdal.




Sidsel Colbiørnsen fødd 25. januar 1942 er ein Norsk tekstilkunstnar.

Utdanning

1958-1962 Statens hånverks- og kunstindustriskole, tekstilavdeling. Oslo.

Liv og arbeid

Sidsel Colbiørnsen vart fødd i 1942 på Skillebekk i Oslo og vaks opp der. I 1971 flytta ho saman med to små born og mannen, kunstnaren Ørnulf Opdahl, til eit småbruk på Godøy utanfor Ålesund. Gardstunet rommer mange hus. Utan om gardshusa har dei byggd opp tre atelier der dei brukar mykje av tida si.

Inspirasjon

Colbiørnsen er opptatt av Østens mystikk og gamle sivilisasjoner. Inspirasjonen hentar Colbiørnsen frå ulike museum i Europa. Ideane vert utforma som skisse på ein Mac. Tidlegare brukte ho teikningar, akvarell og feittstift, dette vart tungvint. Macen gir Colbiørnsen den friheita ho treng til å kunne scanne inn collager, bilder og farger som blir bearbeida vidare.

Kunstuttrykk

Som kunstnerisk uttrykksform har Sidsel Colbiørnsen valgt billedvev. Dei fyrste teppa hennar på 1960-talet hadde eit uttrykk som bar preg av det abstrakte og utforska ulike materialer. No har Colbiørnsen derimot funne ei form som kjenneteiknar teppa hennar med klare figurative former, i delikate farger og stukturer. At Colbiørnsen blei bosatt ved havet gav ho inspirasjon til ny materialbruk. Ho oppdaga nylontråden som ble brukt til fiskegarn. Materialbruken i teppa hennar er ei blanding av ull, lin og nylon. Colbiørnsen brukar kjemiske fargar når ho fargar garnet fordi dei er lysekte og gir eit mykje større fargespekter enn det plantefargane gir.

Billedvev er ei kunstretning som krev tålmod og tid. Mange billedvevkunstnarar vel difor å få hjelp frå assistentar, men Colbiørnsen likar å gjere dette tidkrevande arbeidet sjølv. Det inneber alt frå å koke og farge garnet, sette opp veven og til å veve teppet. Medan ho vev blir teppet rulla opp bak veven og det er vanskeleg å sjå korleis det blir sjåande ut til slutt. Det er særs viktig å hugse kor linjene går og korleis heile motivet heng saman. I motsetning til eit måleri er det ikkje mogeleg å korrigere eit vevd teppe dersom ein skulle vere misnøgd med det endelege arbeidet. Sidan dette er eit så tidkrevjande arbeid rekk ho ikkje å veve fleire enn fire-fem tepper i året.


Litteratur

Silje Opdahl; "Sidsel Colbjørnsen" 2007 ISBN 978 82 7393 042 2


Kategori: Norske kunstner







Solfrid Olette Mortensen fødd 15.02.1952 er ein Norsk billedkunstnar og installasjonskunstnar.


Utdanning

1972 Borgund Yrkesskole, Langevåg, reklame og grafikk. 1972-75 Bergen Kunst og handtverkskole, tekstil. 1975-77 Skole for brukskunst, København.


Kunstutrykk

Mortensen har eit vidt kunstnerisk utrykk og er mellom dei fremste i Noreg i dag m.a. innan Land Art og installasjon. Gjennom ulike prosjekter sidan byrjinga på 1980-talet har ho stilt seg spørsmålet om korleis betraktaren kan bli involvert i kunstverket og sjølv få ei oppleving av å ta aktiv del. Mortensen er ein søkande kunstnar med utallige reiser frå blant anna Bejing og Shanghai, Sinia, Grønland og New York.

Dei siste seperatutstillingane til Mortensen og nokon av utsmykkningsoppdraga:

Seperatutstillinger

2001 Vindpølser, Arna ved Bergen. 2001 Omrom, lysrominstallasjoner, Agder kunstsenter, Kristiansand. 2007 Blikk&balanse, Lyngdal kulturhus. 2010 Syntese, Kunstmuseet KUBE i Ålesund.

Utsmykkning

2007 Klatreberget, stort utendørs trappeamfi, Byåsen skole i Trondheim. 2008 Lysthus sirkulærhaegpaviljong, Byåsen skole i Trondheim. 2008 Brulagt plass, Torvgaten, Farsund.

Lærarstillinger

Eit utval av hennar lærargjerningar: 1. amanuensis ved Vestlandets Kunstakademi, Kunsthøgskolan i Umeå, Det Kongelige Kunstakademi i København og Kunstskolen i Ålesund.

Litteratur: Katalog frå Kunstmuseet KUBE, Ålesund - installasjon –

Kategori: Norske Kunstnere




Gjertrud Hals fødd 1948, er ein norsk tekstil - og fiberkunstnar.


Utdanning

1971-72 Statens lærarhøgskule i forming, teiknelinje, Notodden 1975-77 Statens lærarhøgskule i forming, vevlinje, Oslo 1986-87 Kunstakademiet i Trondheim, skulptur

Liv og arbeid

Hals kjem frå Finnøy i Romsdal. Ho ønska tidlig å bli kunstnar, men fekk ikkje forståelse for det valget. Tok så lærarutdanning innan forming. 1979 flytta Hals og mannen hennar attende til heimtraktene som planlagt etter endt utdanning. Då dei i 2001 flytta til Bærum beholdt dei huset og atelieret i Julsundet utanfor Molde.

Utgangspunktet som tekstilkunstnar var innan den tradisjonelle billedveven, men står no som ein representant for det utvida tekstilbegrepet. Kjenneteikn ved Hals sin kunst er kombinasjonen historie og samtid, tradisjon og fornyelse.

Ho var inspirert av Fiber Art og Land Art å tok til på skulptur studie i Trondheim i -86 med eit heilt spesielt ærend – å utforske papiret som materialet og skallet som form. To år etter fikk ho sitt virkelige internasjonale gjennombrudd da ho mottok Grand Prix ved International Textile Competition `89, Kyoto.

I norsk historie har Hals vore ei foregangskvinne innan tekstilkunsten frå vev via ”off-loom” eller ”av-veven” teknikken til fiberkunsten.

Fra 1997 har Gjertrud Hals hatt Statens garantiinntekt for kunstnere.


Viser til heimesida hennar: www.gjertrud-hals.no


Kjelde: Katalog frå Kunstmuseet KUBE, Ålesund: GJERTRUD HALS Søylens letthet Trådens tyngde.

Kategori: Norske kunstnere







Marit Helen Akslen fødd 17.06.1971 i Ålesund er ein norsk tekstil/fiber kunstnar.

Utdanning

1998-2000 Avd spesialisert kunst, seksjon for tekstil ved Kunsthøgskulen i Bergen 1997-1998 Faglærarutdanning i forming ved Høgskulen i Telemark. 1993-1996 3 årig grunnutdanning ved Kunsthøgskulen i Bergen 1992-1993 Risør Kunstskole


Arbeid

Gjennom arbeida hennar vil ho formidle temaet det sosiale skillet, makt og maktmisbruk. For å syne dette er kle brukt som verkemiddel. I mange av arbeida er den kvite herreskjorta sentral der ho nyttar snippar, lommer og mansjettar.

Kunstaren nyttar også kjende objekt eller klesplagg som utgangspunkt. Kopiering av det opprinnelege for så å tilsette nye og framande element er ein metode ho nyttar. Dei nye elementa gjer at uttrykket og objektet vert endra, gjerne med humor. Humor vert ein viktig faktor som gjer at ein kan kommentere og stille spørsmål.

Akslen nyttar ei form for collageteknikk med fleire typar matriale saman med tekstil. Arbeida kan karakteriserast som skulpturar, tepper eller installasjon ut frå dei rammer kunstaren set for uttrykket.

Det handverkmessige arbeida er svært nøyaktig og sirlig utført.


Eksterne lenker

  • Heimesida hennar med billetgalleri og komplett CV.
  • Nettsida www.akslen.net

Kategori: Norske Kunstnere






Jørund Amdam fødd 10.02.1924 død 19.02.2003 var ein norsk gjenbrukskunstnar. Kjend som ”Jørund smed”

Utdanning

  • Møre Ungdomskule.
  • Arbeidskulen på Holmøyane, smedlinja.
  • Metallfagskulen, Førde.
  • Statens husflidskule, Blaker.
  • Sveisekurs, Sverige.
  • Bilreparasjonkurs, Skøvde, Sverige.
  • Luftforsvarets tekniske skole.

Liv og arbeid

Tidleg visste han at det var smed han skulle bli, og med ei omfattande utdanning og livslang erfaring med jern og stål kjende han godt materialet han nytta i sine figurar/skulpturar. I åra han arbeidde hos Volkswagenimportør Harald A. Møller i Oslo, sveiste han saman små menneskefigurar av utskifta folkevogndelar. Nokre av desse vart brukt for marknadsføring for Volkswagen og sendt til hovedkontoret i Tyskland for fotografering. Amdam og familien flytta til heimkommunen hans, Ørskog i 1966. Der bygde og dreiv han og kona Anna Sofie, karroseriverkstad. Han fekk no betre plass og nytta eldre tiders reiskap og verkty i sine skulpturar. Det var viktig for han å ta vare på gjenstandane og historia som desse fortalde.

Det essensielle for Jørund Amdam var å vise korleis smeden representerte nøysemd og det moderne omgrepet gjenbruk. Ein utslitt hestesko kunne smiast om til ei dørhengsle. Og vart ho utsliten, kunne ho smiast om til naglar. Som pensjonist vart han freista til å utfolde seg med motorsag og av store trekubbar.

Humor var eit svært viktig element i alt arbeid som Amdam gjorde. Skulpturane hadde alle si historie og Amdam formidla dette vidare ofte på ein svært humoristisk måte.


Separatutstilling

1999 Landbruksmuseet på Gjermundnes, Vikebukt.


Kollektivutstilling

1961 Bærum 2000 Ørskog Kyrkje, Ørskog


Innkjøp/utsmykning

Innviingsnøklar:

  • 11 stykker i offentlege bygg i Ørskog kommune..
  • Muritun helsesenter Valldal.
  • Sunnås Sjukehus.
  • Landbruksmuseumet Gjermundnes.

Lysestakar:

  • 5 stykk i Ørskog Kyrkje.
  • Lysglobe, Ørskog Kyrkje.
  • Lysglobe, Selje Kyrkje.
  • 2 stykk i Grymyr Kirke.
  • Sjøholt Bedehus.
  • Ørskog Samfunnshus.
  • Braute Grendahus.
  • Vaksvik Grendahus.
  • Skarbø skule.
  • Ørskog vidergåande skule.

Fleire skulpturar til Ørskog sparebank, no Ørskog Rådhus.

Tidsskrift

1999 Ørskog Historielag sitt Årsskrift


Prisar

  • 1947 Vann Handverkskonkurranse i smedfaget for Møre og Romsdal.
  • 1996 Ørskog Kommune sin Kulturpris.

Kjelde

Familie og Ørskog Historielag sitt tidsskrift.




Bilde: Fotograf Sjur Fedje, Rubi Dagbladet


Kategori: Norske kunstnere