Oddvin Parr
Oddvin Parr f. 1933 på garden Parr på Hellesylt. Kunstnaren Oddvin Parr er mest kjent for treskurd. Han har skore bilder med motiv frå norsk folkeliv og historie, frå norrøn mytologi og folketru, og han har arbeidd med kyrkjekunst. Mest av alt har han vært opptatt av Peer Gynt.
Innhold
Biografi
Oddvin Parr vaks opp på garden Parr på Hellesylt. Han var enebarn og bondeson, og då var det naturleg at han tok over som gardbrukar. Familiegarden Parr finn vi 10 km frå bygdebyen Hellesylt, rett aust og godt opp mot fjellheimen, under veldige tindar som er frå 1400-1800 høge.
Utdanning
Oddvin Parr var berre 17 år gammal då han starta si utdanning som handverkar, eit yrkesval som skulle gjere han til ein vidspurd treskjerar.
Etter yrkesskule i Molde og eitt år i privattreskjerarlære i Nord Trøndelag, venta militærteneste i Hønefoss. Der var han modellsnekkar på eigen verkstad. Der laga han modellar av bilar ,tanks, miner og granater og andre ting av tre som dei brukte i instruksjon.
Han fekk tilbod om å halde fram i ineniørvåpenet, men måtte takke nei, for heime venta foreldra på hjelp til gardsdrifta.
Etter læretida i trøndelag, fekk han si eiga treskjerarverkstad heime på garden. Her laga han ornament og treemne i barokkstil som peispustarar, peislampar og rokokkobord.
Snart vart det også større relieffer i tre, og det aller første motivet var av gardstunet heime. Med åra bygde han seg større verkstad på garden der det vart meir og meir skjering av relieffbilder.
Parr underviste også som sløydlærar ved Sunnylven skule på 50-60 talet, og var ein akta sløydlærar. Han hadde også treskjeringskurs rundt om i bygdelaga.
Privatliv
Parr gifta seg med kona Gunvor i 1960, og fekk etterkvart 4 born. Han dreiv familiegarden med mjølkeproduksjon,samtidig som han levde ut hobbyen sin som treskjerar. Eldste dotra overtok farsgarden for ca. 20 år sidan, og då kunne Oddvin Parr vie livet sitt til treskjeringskunsten på fulltid. Blandt mange hobbyar kan vi nevne teater og teatersminke. Han er æresmedlem i Hellesylt ungdomslag, som er kjent for stor aktivitet på teaterfronten. Naturen gjev han inspirasjon.Mest kvar søndag i den grøne årstida, legg han i veg på sin faste trimtur frå Vollset over Flofjellet. I den vakre naturen fangar han inspirasjon til sine kunstverk. I åpningssesongen på Hægstad gård, er han stadig å finne som aktør, der han dramatiserer scener frå Ibsens verdskjente dikt frå Peer Gynt. -Han er også ein dyktig frihandsteiknar, og har talentar i den genren også.Han teiknar portrett, og blyanten er eit av hans viktigaste verktøy.
Kunstverk
Oddvin Parr starta med å skjere ut små ting som vart til peispustarar, lampar og rokokkobord. Seinare vart det kister, ferdaskrin og golvur med utskjeringar. Han har skore ut relieff med motiv frå norsk folkeliv og historie, frå norrøn mytologi, og han har arbeidd med norsk kyrkjekunst. Han har bl.a. skore ut ornamentikken i orgelfronten i Borgund kyrkje, utsmykka Askvoll kyrkje, og laga altertavle i Eikesdal kyrkje.
Hans tolkingar frå dramaet Peer Gynt er Parr sitt største arbeid og livsverk. I 2002 åpna Peer Gynt galleriet på Hellesylt, Hægstad Gård, eit utstillingslokale for dei tolv store kunstverka hans. Dette var ein draum for Parr som vart til virkelegheit.
Peer Gynt
Oddvin Parr har laga elleve store trebilder frå scener i Peer Gynt som no er utstilt i kunstgalleriet på Hellesylt. Han har teke motiva frå fleire scener i dramaet, og dei kan nemnast her med følgande tiltlar:
- Bukkerittet
- Den grønkledde
- Bryllupet på Hægstad gård
- Bøygen
- Verdensborgaren
- Anitras dans
- I Dovregubbens hall
- Mor Åses død
- Ørken scena
- Stormen
- Den 3. korsveg
Det er ei scene som står att, den er frå Peer Gynt si heimreise frå Egypt som skal få namnet Dårekisten og er planlagt å stå ferdig sommaren 2009.
Fru Sinclair
Sommaren 2007 sende Oddvin Parr frå seg eit relieff som hadde kona til den skotske hærføraren Sinclair sentralt i motivet. Ho skal ha ridd etter offisersmannen då han leia skottetoget opp Romsdalen. Nokre meiner for å stoppe han. Dette lukkast ho ikkje med. Både Sinclair og hans menn møtte ein vond lagnad i Gudbrandsdalen. Relieffet kan ein sjå dersom ein besøker Vertshuset Sinclair på Kvam i Gudbrandsdalen.
Yggdrasil
-er tittelen på eit av hans siste verk, henta frå norrøn mytologi. Motivet illustrerar det symboltunge verdstreet Yggdrasil - treet som vaks over himmelen og som breier sine greiner ut over heile verda. Treet er alltid grønt, og frå greinene fell det doggdråper.I toppen av treet sit ei mektig ørn. I Urdabrønnen sym to heilage ender. Nede i jorda gneg draken Nidhogg på røtene. Nede ved røtene er fotfolket, kvinner med vasskrukker som gjev treet vatn for å halde det friskt.I treet lever dyr, hjortar og eit ekorn. Dette relieffet var eit bestillingsverk som vart sendt ut av fylket.
Hægstad gard
Peer Gynt galleriet rommer Oddvin Parr sine monumentale trerelieffer - på Hægstad gård på Hellesylt. Her arrangerast det også kunstutstillingar kvar sommar. Her er også lokale for intime konsertar eller mindre forestillingar. Her er også selskapslokaler og kafe, og Peer Gynt galleriet vert dermed eit senter både for kunst og matkultur. Utsmykking av diverse kyrkjer Vertshuset Sinclair Diverse store kunstverk i privat eige som t.d. Yggdrasil,også mange mindre relieff og ornament som finst i private heimar.
Sagt om seg sjølv -kunstnaren Oddvin Parr; “Han seier at han føler seg i slekt med Peer Gynt” og at det finst ein Peer Gynt i oss alle.
Referansar;
- Div. intervju med kunstnaren i Sunnmørsposten 23.01.2008
- Lokalavisa Sunnmøringen frå 30.01.2008.
- Brosjyre om Peer Gynt galleriet , Hellesylt