Reidar Synnes

Fra Kunsthistorie
Hopp til: navigasjon, søk
Plakat av Velledal utstilling av Reidar Synnes.
Plakat for felles utstilling med Leon Roal.

Reidar Synnes er ein norsk billetkunstnar f. 1947 frå Synnes på Vigra, som måler figurativt og nonfigurativt, samtidig som han legg vekt på å ikkje gjenskape, men gir rom for ei forenkling i form og farge.

Sitat Naturen i vår landsdel er mektig og stadig skiftande i lys og fargar Sitat
R.S.


Biografi

Han vaks opp i det flate landskapet med mykje lys, og vakkert kystlandskap og natur, noko som pregar hans kunstmotiv. Han har gått på Bergens Kunsthåndverkskole, og etterpå undervist i ulike skuleslag.Målinga er hans lidenskap og hobby.

Utdanning

Kunstutdanning: Bergens Kunsthåndverksskole 1968-71 Utdanning og yrke: Formingspedagogisk og spesialpedagogisk utdanning Undervist i ulike skoleslag fra 1972. No på Fagerlia vgs.- Formgivingsfag.

Privatliv

Han har teke over barndomsheimen og restaurert den. Han er kjent for sine landskapsmotiv henta frå kystlandskapet og frå kulturlandskap som viser korleis folk har levd og jobba.
Han er ein engasjert i naturlanskap, og er ein engasjert forkjempar mot alt som vil ødelegge naturen.

Motvikrets

Å fange litt av den lokale kystnaturen er kjelde til inspirasjon for Synnes si måling. Han liker best å måle ute, får då tak i sjela i landskapet, og har nærkjensle til naturen og er særlig opptatt av fargene om våren og hausten.
Reidar Synnes skildrar også kulturlandskap, der mennesker har etterlate seg spor i bygningar og andre konstruksjonar som naturen etter kvart tek til tilbake. I respekt og estetisk fasinasjon er dette gjerne ting han gjerne målar og teiknar.

Bildene er for det meste i akryl, pastell og olje.

Utviklngen har gått frå grafiske uttrykk i svart og kvitt til meir bruk av farge.

Annet

Synnes har vore oppteken av å arbeide med menneske med ulike funksjonshemmingar, og har undervist ved skular både i inn og utland som har foremål å gi dei eit fullverdig liv. Han jobba med mennesker med ulike funksjonshemmingar på ein Folkehøgskule,der det vart lagt vekt på integrere elevar med funksjonsheming.

Kunstverk

Velledalen

I samband med lansering av ei bok om sætrane i Velledalen i Sykkylven, vart Reidar Synnes spurt om å lage ei utstilling med motiv derifrå. Dette blei ein utstilling i akryl, der motiva var frå det gamle miljøet på sætrane knytt til Velledalen.

Det å måle kulturlandskap er representativt for måten Synnes målar på med vekt på samspelet mellom folk sitt liv og arbeid.

Utstillingar

  • Velledalen
  • Vestlandsutstillinga, første gang i 1972
  • Galleri Caravelle i regi av Ålesund Kunstforening
  • Ulike kollektive og separate utstillingar.

Referansar

  • Sykkylvsbladet,
  • Sunmørsposten
  • Peronlig intervju med kunstnaren.